37°25′25″S 175°43′32″E / 37.423676°S 175.725514°E
Karangahake Gorge | |||
fjellpass | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Karangahake Gorge 37°25′25″S 175°43′34″E / 37.4237°S 175.726°E | |||
Wikimedia Commons: Karangahake Gorge |
Karangahake Gorge (Karangahake-passet eller Karangahake-slukta) dannar ei naturleg grense mellom fjellrekkjene Coromandel Range og Kaimai Ranges ved den sørlege enden av Coromandelhalvøya på Nordøya på New Zealand. Den for ein del tronge og svært snodde slukta vart danna av elva Ohinemuri River som har grave seg ned gjennom berget. Dette er staden der det første gull-rusjet på Coromandel fann stad, i 1875.[1]
Karanga-hake tyder på maorispråk 'varselrop frå den andre sida'. Bakgrunnen for dette skal vera at maorifolk som heldt til i slukta ofte var utsette for åtak frå maorigrupper austfrå, og dei varsla kvarandre om at fienden kom ved å slå på innhole trestammar.