Karen Carpenter | |||
![]() Karen Carpenter, tidleg i 1970-åra | |||
Fødd | 2. mars 1950 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | New Haven i Connecticut | ||
Død | 4. februar 1983 (32 år) | ||
Dødsstad | Downey i California | ||
Fødenamn | Karen Anne Carpenter | ||
Opphav | Downey, California | ||
Aktiv | 1965–1983 | ||
Sjanger | Pop, softrock | ||
Instrument | vokal, trommer, perkusjon | ||
Kjende instrument | Ludwig-trommer | ||
Stemmetype | alt | ||
Tilknytte artistar | The Carpenters, Richard Carpenter | ||
Plateselskap | A&M | ||
Verka som | Musikar, songar | ||
Mor | Agnes Reuwer Tatum | ||
Far | Harold Bertram Carpenter |
Karen Anne Carpenter (2. mars 1950–4. februar 1983) var ein USA-amerikansk songar og trommeslagar. Ho og broren, Richard, danna i 1970-åra duoen the Carpenters. Ho spelte både trommer og song i duoen. Stemma hennar var ein kontraalt.[1]
The Carpenters fekke i rekkje hittar i 1970-åra, som «(They Long to Be) Close to You», «We've Only Just Begun», «Rainy Days and Mondays» og «Yesterday Once More». Carpenter spelte inn eitt soloalbum seint i 1970-åra, men det vart ikkje gjeven ut då. Ho spelte inn albumet i ein pause frå The Carpenters, men gjekk attende til duoen, og dei fekk ein siste hit i USA, «Touch Me When We're Dancing» i 1981, før ho døydde på tragisk vis. Carpenter leid av anoreksi, ei spiseforstyrring som var lite kjend på den tida. Ho døydde berre 32 år gammal i februar 1983 av hjartesvikt på grunn av sjukdommen hennar.[2] Dødsfallet hennar førte til auka merksemd omkring spiseforstyrringar.[3]
Soloalbumet hennar, kalla Karen Carpenter, kom omsider ut hausten 1996.