Karl Ferdinand Sohn

Karl Ferdinand Sohn

Karl Ferdinand Sohn frå eit gruppeportrett frå 1830-åra.
Statsborgarskap Kongedømet Preussen
Fødd 10. desember 1805
Berlin
Død

25. november 1867 (61 år)
Köln

Yrke kunstmålar, universitetslærar
Sjanger portrett
Born Karl Rudolf Sohn, Paul Eduard Richard Sohn, Marie Hoff
Karl Ferdinand Sohn på Commons

Karl Ferdinand Sohn (10. desember 180525. november 1867) var ein tysk målar kjend for sine bilete basert på tekstar av sentrale diktarar. Dei viktigaste verka hans kom i 1830- og 1840-åra.

Sohn var fødd i Berlin. Han var elev av Wilhelm von Schadow og fylgde i 1826 med til Düsseldorf då Schadow vart leiar av kunstakademiet der. Etter ei lengre utanlandsreise vart Sohn i 1832 sjølv lærar ved Düsseldorf-akademiet. Gjennom sitt lange vyrkje ved akademiet, frå 1838 som professor, sette han sitt tydelege preg på den såkalla Düsseldorfskulen. Nordmennene Christen Brun, Carl Lorck og Peter Nicolai Arbo og sveitsaren Rudolf Koller var mellom elevane hans. Sohn forlet akademiet for godt i 1863.

Torquato Tasso og dei to Leonoraer, 1839 (ikkje den versjonen som tilhøyrer Nasjonalgalleriet)

Sohn var lyrisk romantikar som henta inspirasjon og motiv frå litterære kjelder som Torquato Tasso, William Shakespeare, Johann Wolfgang Goethe og fleire andre diktarar. Han nytta ein måleteknikk der det vart lagt vekt på mjuke overgangar mellom dei ulike fargane og fin karnationsbehandling. Samtida sette pris på det sentimentale i kunsten hans. Arbeid som Dei to Leonoraer, Hylas sitt rov, Romeo og Julie og Lorelei vart høgt verdsette, sameleis med Tasso og dei to Leonoraer frå 1849, eit verk som er i eiga til Nasjonalgalleriet i Oslo. Sohn måla gjerne vakre kvinner, og laga også mange portrett, særleg av kvinner.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne