Karst

Karstlandskap
Karståsane Burren på vestkysten av Irland

Karst er eit landskap av oppløyste lag i grunnfjellet, vanlegvis karbonatbergartar som kalkstein eller dolomitt. Desse landskapa har ofte karakteristiske overflater og vatn som forsvinn ned i grunnen. Nokre område med karsttopografi inneheld tusenvis av grotter som er forma av vatnet som strøymer gjennom bergarten.

Det finst forskjellige uttrykk for karsttopografi på andre språk, som til dømes yanrongkinesisk og tsingygassisk. Dei fleste språk nyttar derimot karst, som er det tyske namnet på Kras, ein region i Slovenia som delvis strekkjer seg inn i Italia der det vert kalla Carso og der dei første vitskaplege utforskingane av karst vart gjort. Namnet har gamaleuropeisk opphav (karra, ‘stein’) og i antikken vart det kalla carusardiuslatin. Den slovenske forma grast har vore nytta sidan 1177 og på kroatisk kras sidan 1230.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne