Katalansk Català | ||
Klassifisering | Indoeuropeisk Italisk Romansk Galloiberisk Iberoromansk Austiberisk | |
Bruk | ||
Tala i | Andorra og delar av Spania, Frankrike og Italia | |
Område | Europa | |
Katalansktalande i alt | Over 9 millionar | |
Skriftsystem | Latin | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Andorra, Catalonia og Balearane i Spania og Alghero i Italia | |
Normert av | Institut d'Estudis Catalans og Acadèmia Valenciana de la Llengua | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ca (katalansk) | |
ISO 639-2 | cat (katalansk) | |
Wikipedia på katalansk |
Katalansk (Català) er eit romansk språk som truleg blir forstått av om lag 12 millionar menneske i delar av Spania, Frankrike, Andorra og Italia. Men fleirtalet av dei aktive brukarane av katalansk er i Spania, mellom anna sjølvsagt i Catalonia (Catalunya).
Katalansk er altså eit romansk språk, meir spesifikt høyrer til det den austiberiske greina av den iberoromanske greina av den galloiberiske greina av den vestlege greina av den italovestlege greina av den romanske greina av den italiske greina av den indoeuropeiske språkfamilien. Katalansk har mange fellestrekk med både spansk (kastiljansk) og fransk, og blir av somme sett som å liggje «mellom» dei iberiske og dei galliske språka når ein samanliknar dei moderne etterkommarane etter latin.
Overslag over talet på dei som talar katalansk varierer frå fire til tolv millionar. Katalansk blir tala i desse delane av Spania: Catalonia, ei stripe av Aragon, Balearane, Andorra og ein del av Valencia, der dei helst kallar språket valensiansk. Vidare i Roussillon i Frankrike, den sardiniske byen Alghero og ein liten region i Murcia kalla el Carxe. Desse områda blir uformelt kalla «katalanske land».
Katalansk er offisielt einespråk i Andorra, og eitt av dei offisielle språka i dei spanske regionane Catalonia, Balearane og Valencia, pluss i den italienske byen Alghero. Det har ingen offisiell status i Aragon eller andre stader der det blir tala.
Det finst mange dialektar i katalansk som i andre språk. Hovudinndelinga er i to dialektblokker, vest- og austkatalansk.
Spørsmålet om katalansk og valensiansk er to ulike språk eller berre variantar av same språket, har vore omstridd. Det verkar i dette tilfellet vere meir eit spørsmål om kva namn ein vil ha på målet enn reelle skilnader.