Kavaleri (frå fransk cavalerie, av latin caballus, hest) er ei militær ryttaravdeling. I nyare tid blir nemninga også brukt om stridsvognavdelingar. Føremonene til kavaleriet framfor infanteriet er at dei forflyttar seg raskare og at dei kan frakte meir utstyr med seg.