Kerikeri

Kerikeri
by
Land  New Zealand
Del av Bay of Islands
Areal 25,40 km²
Folketal 6 960 (30. juni 2018)[1]
Kart
Kerikeri
35°13′28″S 173°57′05″E / 35.224444444444°S 173.95138888889°E / -35.224444444444; 173.95138888889
Wikimedia Commons: Kerikeri
Kerikeri misjonsstasjon, med Stone Store til venstre, St James bak og Mission House til høgre
Kartkoordinatar: 35°13′S 173°56′E

Kerikeri er den største byen i Bay of IslandsNordøyaNew Zealand. Byen er eit populært turistmål om lag tre timars biltur nord for Auckland, og 80 km nord for Whangarei, og ligg i Far North District. Han vert ofte omtala som vogga til nasjonen, ettersom den første permanente misjonsstasjonen i landet vart bygd her, og fordi byen har nokre av dei mest kjende historiske bygningane i landet.

Kerikeri ligg ved den vestlege avgrensinga til Kerikeri Inlet, ein nordvestleg arm i Bay of Islands, der Kerikeri-elva munnar ut i Stillehavet. Byen er eit senter for subtropisk hagebruk, og folketalet har vakse snøgt dei siste ti åra. Ved folketeljinga i 2006 hadde byen 5 856 innbyggjarar, i 2001 4 881, og i 1996 4 197.[3]

Pionermisjonærane på New Zealand kalla staden Gloucestertown, eller Gloucester Town, men ingen av desse namna heldt seg. Maoriordet «kerikeri» lyder korrekt uttla om lag som Keddi Keddi, eller Kiddee Kiddee, men vanlegvis vert bynamnet uttala Kerry Kerry.

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE7981.
  2. 2,0 2,1 2,2 http://nzdotstat.stats.govt.nz/wbos/Index.aspx?DataSetCode=TABLECODE8318.
  3. http://www.stats.govt.nz/census/2006-census-data/final-counts/northland-region.htm Arkivert 2008-06-29 ved Wayback Machine. Statisticss New Zealand

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne