Kevin Armstrong | |||
| |||
Fødd | 2. februar 1958 (67 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | Storbritannia | ||
Instrument | gitar | ||
Verka som | gitarist |
Kevin Armstrong (fødd 2. februar 1958) er ein engelsk gitarist, plateprodusent og låtskrivar, mest kjend for arbeidet sitt med David Bowie, Iggy Pop og Morrissey.
Armstrong spelte med Thomas Dolby på dei to første albuma hans, The Golden Age of Wireless og The Flat Earth.[1]
Armstrong samarbeidde med David Bowie på musikken for filmen Absolute Beginners.[2] Han spelte òg i bandet til Bowie for Live Aid i 1985[3] og på songen «Dancing In The Street» med David Bowie og Mick Jagger.[4]
Han spelte gitar på Iggy Pop-albumet Blah Blah Blah i 1986 og var musikalsk leiar for verdsturneen hans i 1986-1987.[5]
Armstrong vart med i bandet til Steve Nieve for Jonathan Ross-showet The Last Resort for to sesongar i 1989 og akkompagnerte Paul McCartney[6]
I 1989 spurte Bowie Armstrong om å bli med Tin Machine[7] som det femte medlemmet etter at han spelte på debutalbumet deira. I 1992 var han medlåtskrivar på tittelsporet til Bowie-albumet Outside som kom ut i 1995.[8]
Armstrong var medlåtskrivar («Piccadilly Palare»,[9] «He Knows I'd Love To See Him»[10] og «Oh Phoney»[11]) og gitarist for Morrissey på somme av innspelingane for albumet Bona Drag.[12]
I 2007 var han gitarist på verdsturneen til Sinéad O'Connor[13] og i 2010 spelte han på nye songar med Thomas Dolby og spelte på verdsturneen hans i 2012.[14] I 2015-2016 leia han bandet for verdsturneen til Iggy Pop.