Keys to Ascension 2 Konsertalbum av Yes | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 3. november 1997 | |
Innspelt | mars - november 1996 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 101:51 | |
Selskap | Essential Records | |
Produsent | Yes and Billy Sherwood | |
Kritikk | ||
---|---|---|
Yes-kronologi | ||
Keys to Ascension (1996) |
Keys to Ascension 2 | Open Your Eyes (1997)
|
Keys to Ascension 2 er eit dobbeltalbum frå det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve i november 1997. Dette albumet inneheld ein CD med konsertopptak frå Edward's Fremont Theatre i San Luis Obispo i California, innspelt under tre konsertar 4.-6. mars 1996. Dette er dei attverande konsertopptaka frå det føregåande albumet Keys to Ascension. CD nummer to inneheld fem nye studioinnspelingar.
Rick Wakeman ynskte at studioinnspelingane skulle utgjevast som eit eige album, og Anderson hadde forslaget til albumtittelen, Know. Men då Keys to Ascension 2 endeleg vart utgjeve hadde Wakeman allereie forlate bandet igjen. Dei til saman sju nye studiolåtane frå dei to Keys to Ascension-albuma vart seinare utgjeve samla på albumet Keystudio.
Albumet kom på 62. plass på UK Albums Chart i Storbritannia.[2]