Khokhloma (russisk хохлома; uttalt [xəxlɐˈma]) eller khokhlomamåling (хохломская роспись, khokhlomskaya rospis) er ei form for russisk folkekunst der ein måler ornamenterte blomar, blad og bær på treprodukt. Ofte kan ein også framstilla eldfuglen frå russisk folkeminne.
Ein bruker typisk ein kombinasjon av raud, svart og gull til å måla i khokhlomastil. Vanlegvis nytter ein raud, svart, grønt, gult og oransje på ein gullbakgrunn. Effekten av dette på utstyr og møblar kan vera at det verker tyngre og meir metallisk.