Kildinsamisk Кӣллт са̄мь кӣлл, Kiillt saam' kiill | ||
Klassifisering | Uralsk samisk | |
Bruk | ||
Tala i | Russland | |
Område | Murmansk oblast | |
Kildinsamisktalande i alt | 650 | |
Rangering | Ikkje topp-100 | |
Skriftsystem | det kyrilliske alfabetet | |
Normert av | Samisk språkråd | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | sjd | |
Glottolog | kild1236
|
Kildinsamisk er eit samisk språk i den uralske språkfamilien. Det blir snakka i Murmansk oblast i Russland. Tidlegare vart det snakka over heile Kolahalvøya, men på grunn av sentraliseringspolitikken på 60-talet blir det no snakka nesten berre i Lovozero. Det er det største av dei samiske språka som blir snakka i Russland, og det einaste av dei som har eit skriftspråk. Namnet kjem av Кильдин (Kildin), ei øy på nordkysten av Kolahalvøya. Kildinsamane kallar seg са̄ммьленч (saaḿḿlentš) og språket sitt са̄мь кӣлл (saaḿ kiill). Den eldste kjende dokumentasjonen av samiske språk er ei kildinsamisk ordliste frå 1557, skriven ned av den britiske oppdagaren Steven Borough i 1557 og gjeven ut av Richard Hakluyt.[1][2]