Kino

Colosseum kinoMajorstua i Oslo har fire kinosalar. Den største har 978 sete.
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Kino (fleirtyding).

Ein kino er eit lokale for filmframsyningar. Vanlegvis har ein eit inngangsparti med ei billettluka, eit maskinrom med kinomaskinar og utstyr (prosjektørar, lydutstyr o.l.) og ein sal med lerret og sitjeplassar for publikum.

Ordet kino er ei forkorting for «kinematograf», ei norsk form av det franske ordet Cinématographe, som er samansett av gresk kineo (rørsle) og grafein (skriva).

Cinématographe var namnet på brørne Lumière sin filmframvisar frå 1894, som var den aller første kinoen. Dei hadde den første førestillinga i Paris 28. desember 1895.

I Noreg vart det vist film på Circus varieté 6. april 1896. Noreg hadde i 2004 245 kinoar. 161 av dei var kommunale.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne