Republic of Kiribati
(norsk: Kiribati, kiribatisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Teirake Kaini Kiribati» | ||||||
Motto | Te Mauri, Te Raoi ao Te Tabomoa (helse, fred og rikdom) | ||||||
Offisielle språk | Engelsk og kiribatisk | ||||||
Hovudstad | Sør-Tarawa | ||||||
Styresett |
Republikk Taneti Maamau | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
811 km² (174.) 0% | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Folketeljing (2001) – Tettleik |
108 145 (183.) 91 985 133,3 /km² (66.) | ||||||
Sjølvstende frå Storbritannia |
12. juli 1979 | ||||||
Nasjonaldag | 12. juli (sjølvstendedag) | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
170 mill. USD (193.) 2 500 USD (167.) | ||||||
Valuta | Australsk dollar | ||||||
Tidssone | UTC +12-14 | ||||||
Telefonkode | +686 | ||||||
Toppnivådomene | .ki
|
Kiribati (uttala Kiribass) er ein øystat sett saman av 32 atollar og ei forhøga koralløy fordelt på 3 500 000 km² hav.[1] Øystaten ligg tvers over datolinja og ekvator midt i Stillehavet, sør for Marshalløyane og Hawaii og nord for Tuvalu, Samoa, Cookøyane og Fransk Polynesia. Dei fleste av øyane ligg i Mikronesia medan nokre høyrer til Polynesia.
Kiribati kan delast inn i tre hovudøygrupper; Gilbertøyane, Linjeøyane og Phoenixøyane, og ei isolert vulkanøy vest for Banaba. Kvar av dei 21 bebudde øyane har eit lokalstyre som står for dagleg drift. Hovudøya Tarawa har tre styre: Betio, Nord-Tarawa og Sør-Tarawa, som er hovudstad i landet. Namnet på landet blir uttala /kiribass/ og er ein kiribatisk uttale av det engelske namnet Gilberts, som tidlegare blei brukt om den viktigaste øygruppa.