Kiviar | |
Flekkivi Apteryx haastii | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Kiviar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Infraklasse: | Palaeognathae |
Orden: | Apterygiformes |
Familie: | Apterygidae |
Slekt: | Kiviar Apteryx Shaw, 1813 |
Kiviar er fuglar utan flygeevne som er endemiske til New Zealand. Dei høyrer til i slekta Apteryx og familien Apterygidae. I systematikken er dei plasserte i sin eigen biologiske orden Apterygiformes av flygeudyktige Paleognathae.[1]
Artane i kivifamilien deler mange trekk i levevis og i morfologi. Dette er fuglar utan venger og utan halefjør, med pæreforma kropp, kraftige føter og lange, relativt tynne nebb med nasebor mot enden av nebbet. Storleiken varierer frå 25 cm til 45 cm i høgd. Kiviar er nattaktive og beitar på virvellause dyr, nokre òg på plantekost som nedfallsfrukt. Para er monogame, gjerne livet ut, hoa legg eit særs stort egg, nokre gonger to egg i kullet. I regelen er det hannen som rugar og rugetida er lang, frå to og opptil tre månader. Hoa er større enn hannen. Populasjonane av alle artar er sterkt reduserte, etter øydelegging av habitat, og spesielt etter europeisk innvandring med innføring av pattedyr.
<ref>
-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet cl