Klassisk indisk dans er eit samleomgrep for ulike indiske danseformer med opphav i natya, heilage musikalske framføringar innan hinduismen. Teorien bak dansen kan sporast tilbake til verket Natyasjastra frå 300-talet f.Kr. Dansane har typisk visse fastlagde talande auge- og handrørsler som bidreg til å fortelja ei forteljing, faste kostyme og gjerne også faste rollar. Utøvinga av desse dramaformene treng ikkje berre omfatta dans, men kan også innehalda song, tale og bruk av musikkinstrument.