Kniv

Kniv.

Kniv er ein reiskap med skaft og ofte eit skarpt blad, som regel av metall, som er lagd for å kutte av, forme til eller dele opp ymse materiale med. Vanlegvis vert knivane laga med ulike formar og i ulike storleikar etter kva det er meininga å nytte dei til, og er som reiskapsgruppe den mest allsidige av alle. Ei mengd ulike handverkarar nyttar knivar, og knivar er i dagleg bruk i så godt som alle hushaldningar. Knivar kan brukast til å skjere i og forme til materiale som tre og lêr, til slakting og oppstykking av dyr, til matlaging og for å eta med. Knivar har frå gamalt av òg vore nytta som våpen, ikkje minst som drapsvåpen i slåsskampar eller andre situasjonar der sinne og brutalitet tek makta over ein person.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne