Kokain

Kjemisk struktur
Kokain

CAS-nummer
50-36-2
ATC-nummer
{{{ATC}}}
Metabolisme lever
Halveringstid 1 time
Utskiljing Nyrene/urin
Administrasjonsform oral, IV, gjennom lungene, sniffing, gjennom huda, PO

Kokain (bensoylmetylekgonin) er eit alkaloid som ofte vert misbrukt som eit narkotikum. Kokain vert utvunne av blad frå kokabusken (Erythroxylon cocae), som veks i Sør-Amerika, særleg i Bolivia, Colombia og Peru. Namnet kokain kjem frå plantenamnet koka pluss alkaloidsuffikset -in, på folkemunn er stoffet kalla «cola», «Charlie», «blow», «snø» eller «pudder».[1]

Kokain stimulerer sentralnervesystemet og minkar kjensla av svolt. Stoffet gjev ei sterk kjensle av lukke og mykje energi.[2] Sjølv om kokain i dag i hovudsak vert misbrukt som rusmiddel, kan det elles i sjeldne tilfelle verta nytta til lokalbedøving ved operasjonar i augo, halsen eller nasa.

  1. «Kokain» (på norsk bokmål). Blå kors. Henta 2. april 2023. 
  2. Dietrichs, Erik Sveberg; Mørland, Jørg; Bretteville-Jensen, Anne Line; Bachs, Liliana: kokain i Store medisinske leksikon på snl.no. Henta 2. april 2023.

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne