কলকাতা, कोलकाता, Kolkata, Kolkata | |
---|---|
Satellittbilde av Kolkata med elva Hugli (2007) | |
Styresmakter | |
Delstat Land |
Vest-Bengal India |
Grunnlagd av Austindiakompaniet | 1690 |
Borgarmeister | Sovan Chatterjee |
Geografi | |
Flatevidd | 206,08 km² |
Flatevidd - By |
1 500 km² |
Innbyggjarar - By (2001) - folketettleik - Storbyområde |
4 580 544 9 920/km² 14 681 589 |
Høgd over havet | 9 m |
Tidssone | IST (UTC+5:30) |
Diverse anna | |
Heimeside: https://www.kmcgov.in | |
Nettstad: www.kmcgov.in |
Kolkata (bengali কলকাতা), tidlegare kjend som Calcutta, er hovudstaden i den indiske staten Vest-Bengal. Han var hovudstad i Britisk India fram til Delhi overtok i 1911. Byen var den folkerikaste i India fram til han blei forbigått av Mumbai på 1980-talet. Når ein reknar med det kringliggjande byområdet er Kolkata i dag det tredje folkerikaste slike området i landet, etter Mumbai og Delhi, og det åttande folkerikaste i verda.[1]
Byen ligg på breiddene til den store Hugli (Hooghly), ei sideelv til Ganges. Han er naboby med Howrah på vestsida av Hugli. Kolkata er eit transportsentrum der hovudvegar og jarnbanar går saman. Ei internasjonal lufthamn, Dum Dum, ligg rundt 15 km nordaust for sentrum.