Philae er ein romsonde og del av Rosettaferda. Philae landa 12. november 2014 på kometen 67P/Tsjurjumov-Gerasimenko og var det første fartøyet nokon sinne som gjennomførte ei mjuk landing på ein kometkjerne. Philae ber med seg mellom anna eit panoramakamera, røntgenspektrometer, drill for prøveboring og ulike omnar for oppvarming av prøvar.
Namnet Philae kjem frå øya i Nilen der det vart funne ein obelisk som ein brukte til å omsetja rosettasteinen.