78°50′N 12°30′E / 78.833°N 12.500°E
Kongsvegen er ein isbre på Spitsbergen på Svalbard. Han ligg sørvest for botnet av Kongsfjorden i skiljet mellom Haakon VII land og Oscar II land. Namnet er ei omsetjing av eit eldre engelsk namn, «Kings Highway», brukt første gong i 1898 av Sir Martin Conway, som traverserte breen i juli 1897.