I kjemi er konsentrasjon eit mål for mengda av eit stoff i eit gitt volum av ei løysning eller blanding.[1] Ofte vert c brukt som symbol for konsentrasjon. Særleg i likevektskonstantar vert òg [A] brukt for konsentrasjonen av stoffet A.
I løysningar er ein gjerne interessert i konsentrasjonen av løyst stoff. Jo meir stoff som er løyst jo meir konsentrert er løysninga. Når konsentrasjonen er liten snakkar ein ofte om tynne eller fortynna løysningar. Det er særleg vanleg å snakka om fortynna syrer og basar. Det er ei grense for kor mykje av eit stoff som kan løysast i eit bestemt løysemiddel. Når denne konsentrasjonen er nådd er løysninga metta. Held ein fram med å setja til meir stoff, vil det ikkje løysast meir stoff. Minskar mengda av løysemiddel (for eksempel ved fordamping) vil stoffet fellast ut. Å oppgje konsentrasjon er ein måte å skildra samansetjinga av ei løysning eller blanding.