Ein konsentrasjonsleir er ein sterkt vakta leir for oppbevaring av politiske motstandarar av eit regime eller ei okkupasjonsmakt, og/eller (delar av) sivilbefolkningar som blir sedde på som farlege, fiendtlege eller uønskte. Ein slik leir kan vere alt frå ein interneringsleir der folk slepp ut etter at ein konflikt er over, via ein tvangsarbeidsleir til ein dødsleir der sjølve poenget er å utrydde flest mogleg menneske. Skiljet mellom desse typane leirar er viktig, men det er ikkje vasstette skott mellom dei, då tilhøva i interneringsleirar og tvangsarbeidsleirar kan vere så dårlege og brutale at mange døyr, og eit nazistisk leirkompleks som Auschwitz bestod av både arbeids- og utryddingsleirar samtidig.
Ordet blir først og fremst bruka om dei særleg grufulle fangeleirane som blei oppretta av det nazistiske regimet i Tyskland frå 1933 til 1945, og i tyskokkuperte land under andre verdskrigen. Den mest kjende av desse er Auschwitz i Polen, der mellom 1 og 1,5 millionar menneske blei drepne på berre tre og eit halvt år. Mykje av folkemordet på europeiske jødar og sigøynarar (Holocaust) skjedde i desse konsentrasjonsleirane. Nazistane var likevel ikkje dei einaste som oppretta konsentrasjonsleirar.