Eit konstruerbart tal er eit reelt tal c som er slik at punktet (c,0) er konstruerbart etter (i alle fall) dei fylgjande reglane for konstruerbare punkt, liner og sirklar:
Me jobbar her med Euklidsk geometri i planet. Reglane for konstruerbare punkt skal reflektera kva me kan gjera med ein passar og ein umerka linjal.
Mengda av konstruerbare tal omfattar alle rasjonelle tal og dannar ein underkropp av dei reelle tala. Spesielt kan det visast at dersom c > 0 er konstruerbar, så er også kvadratrota av c konstruerbar. Det kan også visast at kubikkrota til 2 ikkje er konstruerbar. Dette løyser eit av dei klassiske problema i geometrien, nemleg dobling av kuba. Teorien for konstruerbare tal gjev også ei negativ løysning på problemet med tredelinga av vinkelen.