Kontinentalsokkel er ei nemning på den delen av eit kontinent som går ut i havet.[1] Havdjupna i slike område er høvesvis liten. Ein annan definisjon er at sokkelen går ut til kontinentalskråninga, der havbotnen skrånar ned mot djupare havområde. Kontinentalhylla er den inste delen av kontinentalsokkelen og er relativt flat med grunn havbotn langs landområda. Overgangen mellom sokkelen og skråninga vert kalla havegg.[2] Yttergrensene geografisk er kanten av kontinentalmarginen.
Juridisk er kontinentalsokkelen rekna som ei naturleg forlenging av territoriet til eit land. Dette er ei sone på 200 nautiske mil ut frå kysten, om ikkje anna er fastsett.[1] Grensa på 200 nautiske mil er følgjer ikkje geologiske og batymetriske tilhøve, slik at den grensa kan gå forbi kontinentalskråninga.[3]
Om det er mindre enn 400 nautiske mil til grunnlinja til ein nabostat, vert avgrensinga av sokkelen mot ein nabostat avgjort av avtalar mellom dei statane det gjeld om ei delelinje.[4] Landa kring Nordsjøen har delt kontinentalsokkelen ved slike avtalar, slik at yttergrensa normalt er midtlinja mellom grunnlinjekanten til statane (midtlinjeprinsippet).[5]
Ein kyststat er grunneigar på kontinentalsokkelen, med rettar til å undersøka og utnytta ressursane der, i høve kontinentalsokkelkonvensjonen av 1958. Havrettskonvensjonen av 1982 la fram reglar for at yttergrensene kan trekkast lengre ut enn 200 mil ved visse høve.[4]
Avklaring av kva stat som har rettar på ein kontinentalsokkel har vorte særleg aktuelt i høve petroleumsverksemd utaskjærs.