Kontraterror er tiltak, framgangsmåtar og strategiar som styresmakter, militære styrkar og andre grupper tek i bruk for å kjempa mot det dei meiner er terrorisme[1].
Omgrepa kontraterrorisme og antiterrorisme vert ofte brukt om kvarandre. I prinsippet er det likevel ein skilnad:
Kontraterror er ulike førebyggjande tiltak for å forhindra terror, til dømes gjennom etterretning og ulike tiltak med å stoppa handlingar, til dømes gjennom etterforsking og rettsforfølging. I Noreg er ansvaret for kontraterror tillagt Politiets tryggingsteneste.
Antiterror er offensive tiltak med maktbruk for å forhindra terroranslag. I Noreg er ansvaret for dette lagt til politiet. Innan politiet er det ein eigen nasjonal antiterrorstyrke under Oslo politidistrikt namngjeve som Beredskapstroppen som har eit særleg ansvar. I kvart politidistrikt er det òg eigne utrykningseiningar (UEH) som kan verta disponert til antiterrorteneste. Forsvaret kan hjelpe politiet med særskilde ressursar, til dømes gjennom Forsvaret og spesialkommandoen[2].