Koptisk kristendom har røter tilbake til dei aller første kristne og kyrkja blei i følgje tradisjonen oppretta av apostelen Markus i Egypt på midten av det 1. hundreåret (rundt år 42 e.Kr.). Den koptiske ortodokse kyrkja, som ein ofte berre kallar Den koptiske kyrkja, er nå meir enn 1900 år gammal og høyrer til mellom dei orientalske ortodokse kyrkjer. Hovudsetet til den koptiske kristendommen i Alexandria har eksistert sidan kyrkjemøtet i Kalkedon i 451. Leiaren av kyrkja har tittelen «Pave av Alexandria og Patriark av St. Markus' Heilage Stol», for tida er dette pave Tawadros II av Alexandria. Dei kristne i Egypt blir oftast kalla koptarar, og meir enn 95 % av dei høyrer heime i Den koptiske ortodokse kyrkja.
Ordet koptisk er ei avleiing via arabisk og latin av det greske Αἰγύπτος, aiguptos, altså Egypt. Koptisk kan vise til koptisk kristendom, koptisk språk, og den egyptiske minoriteten koptarar. I tillegg til den koptiske ortodokse kyrkja, som denne artikkelen handlar om, finst også andre koptiske (egyptiske) kyrkjer, som Den koptiske katolske kyrkja og koptiske protestantiske kyrkjesamfunn.