Eit kor er ei gruppe songarar som syng samstemt eller fleirstemt. Musikken dei syng blir gjerne kalla korsong. Som regel vil eit kor ha minst åtte medlemmer; mindre grupper blir gjerne kalla vokalgrupper eller songrupper.
Eit kor kan synga åleine — a cappella — akkompagnert av musikkinstrument, eller som bakgrunn til instrumentalmusikk. Songkor blir ofte leia av ein dirigent, men mindre kor kan framføra musikk utan.
Det er vanleg for kor å ha ei eller anna form for uniform.