Korvett (av fransk corvette) var tidlegare nemning på eit fullrigga seglkrigsskip, om lag 500 tonn stort, og med 18-24 kanoner på eitt dekk. Nokre korvettar hadde eit dekk over kanondekket.
I dag er «korvett» nemning for eskortefartøy med stor fart, væpna med kanonar og torpedoar og utstyrt for å kunne delta i ubåtkrig.