Kos

Kos
Lokalt namn Κως
Kos hamn
Kos hamn
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 36°51′N 27°14′E / 36.850°N 27.233°E / 36.850; 27.233
Øygruppe Dodekanesane

Areal 287,2 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Dei sørlege egeiske øyane
Kos
Største busetnad Kos (21 430 innb.)

Demografi
Folketal 37 089 (2021[1])
Folketettleik 129,1 /km²

Kos (gresk Κως) er ei øy i Hellas og ein del av Dodekanesane ved Gökavabukta i Egearhavet. Ho er 40 km lang og 8 km brei og ligg berre 4 km frå kysten av Bodrum i Tyrkia. Øya har både frodige sletter og golde høgland og eit folketal på vel 37 000.

Tidlegare hadde øya tre kommunar, men frå 2011 er Kos ein kommune, og øya høyrer administrativt til under periferieininga Kos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2] Kos er hovudstad i periferieininga.

Kos var tidlegare òg kjend som Meropis og Nymphæa. På italiensk blir ho kalla Coo, på tyrkisk İstanköy og på fleire andre språk Cos . Eit tidlegare engelsk namn var Stanchio.

Diodoros Sikolos (xv. 76) og Strabo (xiv. 657) skildra hamna som godt verna av festningsverk. Plasseringa hennar var viktig for handel i Egearhavet og ho var kjend for den gode vinen ein produserte her (Plinus, xxxv. 46). Under Aleksander den store og Ptolemaios I av Egypt (frå 336 fvt.) utvikla Kos seg til eit av dei store sentera i Egearhavet.

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Folketeljing_2021
  2. Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
    Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma
    , arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023
     

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne