Kreta Lokalt namn Κρήτη | |
---|---|
Ájos Pávlos sør på Kreta | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 35°N 24°E / 35°N 24°E
|
Areal | 8 336 km²
|
Høgaste punkt | Psilorítis (2 456 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieiningar |
Kreta Khaniá Réthymno Iráklio Lasíthi |
Største busetnad | Iráklio (140 730 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 624 408 (2021) |
Folketettleik | 74,9 /km² |
Kreta (gresk Κρήτη, Kriti) er den største øya i Hellas og den femte største i Middelhavet med eit areal på 8 336 km².
Kreta er ein av dei tradisjonelle regionane i landet. I dag høyrer øya administrativt til periferien Kreta og omfattar dei fire periferieiningane, tidlegare prefektura, Khaniá, Réthymno, Iráklio og Lasíthi.
Kreta er ein populær turiststad med attraksjonar som dei minoiske stadane Knossos og Faistos, den antikke staden Gortyna, den venetianske borga Réthymno og Samariáravinen, i tillegg til mange andre naturområde, monument og strender.
Kreta var sentrum for den minoiske sivilisasjonen (om lag 2600–1400 fvt.), den eldste sivilisasjonen i Europa.