Kriegsmarine var marinen i det nasjonalsosialistiske Tyskland i perioden frå 1935 til 1945. Kriegsmarine utgjorde den eine av dei tre forsvarsgreinene til Wehrmacht. Dei to andre var Heer (hæren) og Luftwaffe (flyvåpenet).
Forløparane for Kriegsmarine var Den tyske keisarlege flåten (1871–1918) og Reichsmarine (1919–1935) i Weimarrepublikken. Etter andre verdskrigen vart dei få attverande skipa i Kriegsmarine fordelt mellom sigerherrane. Etter at Vest-Tyskland rusta opp att og vart medlem av NATO i 1956, vart marinen i landet uformelt referert til som forbundsmarinen. Då DDR (Aust-Tyskland) oppretta sin eigen militære styrke same år, Nationale Volksarmee, fekk den sjømilitære delen namnet Volksmarine. Etter sameininga av Tyskland i 1990 fekk marinen namnet Deutsche Marine.