Kriminallitteratur

Amerikansk krimblad frå 1935.

Kriminallitteratur eller berre krim er underhaldande, spenningsfylt litteratur om etterforsking og oppklaring av brotsverk.[1] Krimforteljingar handlar gjerne om mord og mystiske forsvinningar, men kriminalromanar kan òg handle om vinningskriminalitet, kriminelle organisasjonar og liknande. Kriminallitteratur finst som romanar og noveller, teikneseriar, fjernsynsseriar, høyrespel og filmar. Frå den tradisjonelle detektivromanen har det utvikla seg ulike typar kriminallitteratur, som politiromanen, spion- og agentromanen og thrilleren.[1]

  1. 1,0 1,1 Skei, Hans H. (23. januar 2023). «krim – litteratur». Store norske leksikon (på norsk). 

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne