Krishnaelva

Krishna
Marathi कृष्णा नदी
Kannada ಕೃಷ್ಣಾ ನದಿ
Telugu కృష్ణా నద
Elv
Land  India
Statar Maharashtra, Karnataka, Andhra Pradesh
Region Sør-India
Byar Talakaveri
Lengd 765 km
Kjelde Mahabaleswar
Munning Vijayawada i Bengalbukta
Kart
Krishnaelva
17°55′28″N 73°39′36″E / 17.924444444444°N 73.66°E / 17.924444444444; 73.66
Kart over dei største elvane i Sør-India.
Kart over dei største elvane i Sør-India.
Kart over dei største elvane i Sør-India.
Wikimedia Commons: Krishna River

Krishna eller Krishnaveni, tidlegare Kistna, er ei av dei lengste elvane i India. Med ei lengd på rundt 1300 km er ho den tredje lengste elva i India, etter Ganges og Godavari. Krishna har utspring ved Mahabaleswar i Dei vestlege Ghatfjella i Maharashtra. Ho renn aust til Wai, så søraustover gjennom Sangli, aust gjennom Karnataka til Andhra Pradesh og munnar ut i Bengalbukta ved Hamasaladeevi i Andhra Pradesh.[1]

Tradisjonell rund båt (putti) på Krishnaelva ved Srisailam.

Krishna er ei av fleire heilage elvar i India, og å bada her skal reinsa ein frå synd. Namnet «Krishna» tyder 'mørk' (som i gudenamnet Krishna). Tradisjonelt blir det hevda at elva har utspring gjennom munnen til ein kustatue i Mahadev-tempelet i Mahabaleshwar. Ho skal vera ein inkarnasjon av hinduguden Visjnu etter ei forbanning av Savitri. Dei andre gudane i trimurtien, Brahma og Sjiva, skal danna bielvane. Området ved Sangli, der tre elvar renn saman med Krishna, er særskild heilag og er også kjend som Sangameshwar.[2]

Krishna har ei rekkje bielvar, dei største er Bhimaelva frå nord og Tungabhadra frå sør.[3] Elva er demd opp to stader: Ved Srisailam med Srisailam-demningen, og ved Nagarjuna-åsen med Nagarjuna Sagar-demningen. Elva blir forureina gjennom avløp og bielvar som renn forbi større byar og industriverksemder.[4]

Satellittbilde av munningen til Krishnaelva.

Mot slutten av løpet sitt dannar Krishna eit rikt og fruktbnart elvedelta som går i eitt med deltaet til Godavari. Deltaet renn ut i Bengalbukta ved Vijayawada. Det veks mangroveskog ved munningen, med fleire fastbuande og trekkkfuglar og dyr som fiskarkatt, oter, hjorteantilope, aksishjort, sambar og saltvasskrokodille.[5] Ein del av skogen er verna som Krishna naturreservat.[2]

Elva er ikkje farbar. Vasstanden varierer mykje med monsunregn og tørke,[6] og er derfor vanskeleg å bruka til kunstig vatning.[3] Under monsuntida fører elva med seg mykje matjord frå tidlegare i løpet og avset det i deltaet.[2]

  1. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet nih
  2. 2,0 2,1 2,2 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet zone
  3. 3,0 3,1 Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet britannica
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet rain
  5. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet ecoindia
  6. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet ndtv

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne