Kristenretten (etter norrønt kristinn réttr) var nordiske mellomalderlovar knytte til kyrkelege forhold.[1] Han tok for seg skipnaden av kyrkja, tilhøvet mellom kyrkja og samfunnet elles, og korleis ein skulle hanskast med brot på dei moralske boda til kyrkja etter lovene i staten.[2]
Den fyrste kristenretten i Noreg skal ha vore skipa i stand av kong Olav den heilage og bisp Grimkjell, og teken ved på Mostratinget på Moster på Bømlo i 1024.[2] Den eldste kristenretten som er teken vare på finn ein i Gulatingslova, som er mykje yngre.[2]