Kroatar er ei sørslavisk folkegruppe på Balkan som vandra inn til noverande Kroatia på 600-talet.[1]
I 2005 var det kring 4,5 millionar kroatar. Dei fleste av dei bur i Kroatia, men dei finst også som minoritetar i Bosnia-Hercegovina, Slovenia og Serbia.[1] Av dei 4 290 612 innbyggjarane i Kroatia ved folketeljinga i 2011 oppgav 3 874 321 eller 90,2 % av innbyggjarame at dei var etniske kroatar.[2]
Dei fleste kroatar er katolikkar.[1]