Kronobiologi

Oversyn over den menneskelege døgnrytmen med nokre fysiologiske parametrar

Kronobiologi er eit vitskapleg felt der ein studerer periodiske (sykliske) fenomen i levande organismar og deira tilpassing til sol- og måne-relaterte rytmar. Desse syklusane er kjende som biologiske rytmar.

Kronobiologiske studiar omfattar mellom anna komparativ anatomi, fysiologi, genetikk, molekylærbiologi og åtferda til organismar.

Den viktigaste rytmen i kronobiologi er døgnrytmen, ein syklus på ca. 24 timar som viser seg i fysiologiske prosessar hjå planter og dyr. Andre rytmar, som tidevassryten, spelar også ei viktig rolle hjå mange organismar.


From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne