Kronologi (frå gresk χρόνος khrόnos, «tid» og λόγος logos, «fornuft» eller «lære») vil seia tidsrekkefølgje. Kronologi er også den vitskaplege læra om å rangera hendingar etter når dei fann stad i tida. Døme på dette er bruken av tidslinjer, eller hendingsrekkefølgjer. Kronologi er også "å bestemma den faktiske tidssekvensen av hendingar i fortida."
Kronologi er ein del av periodisering. Det er også ein del av fagfeltet historie, inkludert jordas historie, geofag og studiet av den geologiske tidsskalaen.
Joseph Scaliger (1540–1609) vert rekna for banebrytande i sitt arbeid når det gjeld moderne kronologi. Hans verk De emendatione temporum (1583) tok for seg mange spørsmål i samband med oldtidskronologi.