Kunsteventyr er eventyr som til skilnad frå folkeeventyra har kjend opphavsmann.[1] Slike eventyr er ofte inspirert av folkeeventyr, men ber gjerne preg av at dei ikkje har ei forhistorie i munnleg form.
Kunsteventyr er særleg knytte til romantikken.[2] Dei kan parodiera eventyr eller samfunn,
Marie-Catherine d’Aulnoy gav ut eventyrsamlingar på 1690-talet der ho kombinerte tradisjonelle soger med litterære uttrykksmåtar. Gjennom dette er ho rekna som ein opphavsperson til kunsteventyret.[3]
H.C. Andersen er ein kjend forfattar av kunsteventyr som verka på 1800-talet. I Noreg er blant anna Regine Normann og Jonas Lie kjende for å ha gjeve ut samlinga Trold i 1891-92.