Eit kupp er ei snøgg politisk omvelting der ein avset den gjeldande makthavaren i strid med loven eller retningslinjene.
Kupp skjer ofte svært brått og skuldast vanlegvis at delar av makteliten (militære eller politikarar) gjer opprør: militærkupp, statskupp. Kuppmakarar er ofte ei lita gruppe «ovanfrå», t.d. militære leiarar eller politiske kollegaer, som ikkje nødvendigvis har medhald frå folket, slik opprørarane «nedanfrå» i ein revolusjon har.[1]
Eit mislukka kupp blir kalla eit kuppforsøk.
Eit ofte nytta fransk ord om militærkupp er Coup d’état, og eit mindre brukt tysk ord er Putsch.