Kusken | |
---|---|
![]() | |
Latinsk namn | Auriga |
Forkorting | Aur |
Genitivsform | Aurigae |
Symbologi | Kusken |
Rektasensjon | 6 h |
Deklinasjon | +40° |
Areal | 657 kvadratgrader nr. 21 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
4 |
Sterkaste stjerne | Capella (α Aur) (0,08. mag.) |
Meteorsvermar | |
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +90° og −40° | |
Kusken (frå latin Auriga) er eit stjernebilde på den nordlege himmelhalvkula.
Det er eit av dei 48 stjernebileta som vart nemnt av astronomen Klaudios Ptolemaios på 100-talet evt. og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta. Kusken er mest synleg om vinteren på den nordlege himmelhalvkula i lag med fem andre stjernebilete som har stjerner i Vintersekskanten. På grunn av den nordlege deklinasjonen er Kusken berre synleg så langt sør som 34° sør. Lenger sør ligg biletet heilt eller delvis under horisonten. Det er eit stort stjernebilete som dekkjer 657 kvadratgrader, halvparten av det største stjernebiletet, Vasslangen.
Den mest lyssterke stjerna, Capella, er eit uvanleg fleirstjernesystem som er av dei mest lyssterke på nattehimmelen. Beta Aurigae er ei interessant variabel stjerne i stjernebiletet, Epsilon Aurigae, ei nærliggande formørkande dobbelstjerne med ein uvanleg lang periode er to system som er blitt mykje studert. På grunn av plasseringa nær Mjølkevegen har Kusken mange lyse opne stjernehopar nær grensene, som M36, M37 og M38, alle populære mål for amatørastronomar. I tillegg ligg tåka IC 405, som er knytt til den variable stjerna AE Aurigae.