Kutter er eit mellomstort segl- eller motorfartøy. Ein kutter kunne ha ei eller to master. Dei fyrste norske kutterane vart kjøpte frå England, sist på 1800-talet[treng kjelde]. Til skilnad frå dei fleste seglskip, som vert klassifiserte etter riggen, syner «kutter» til forma på skroget; vertikal stamn og rund utoverhengande hekk. Kutterar hadde gaffelsegl, og ofte toppsegl, på stormasta. Dei hadde òg eit par stagsegl.