Kvasarar (frå QSRS, forkorting på engelsk for quasistellar radio source, 'kvasi-stellar radiokjelda') er den mest lyssterke kategorien av aktive galaksekjernar[2], og nokre av dei kan senda ut stråling tilsvarande 10 milliardar soler.[3] Kvasarar skyldast truleg at supermassive svarte hòl i galaksekjernane trekker til seg store mengder av materie i form av gass og stjerner.[3] Intens stråling blir frigjeven når denne materien fell ned i det svarte hòlet.[3]
Kvasarar er nokre av dei fjernaste objekta i universet og har difor høg raudforskyving.[4] Ein av dei næraste kvasarane er 3C 273, som med ein lysstyrke på 12,8 magnitude er synleg som ei stjerna i moderate amatørteleskop.[4] Med ein avstand på rundt to milliardar lysår er kvasaren det fjernaste objektet som kan observerast av amatørastronomar.[4]