Kvelv (ein eller eit kvelv) er i arkitekturen eit bogeforma tak over eit rom, eller ein berande konstruksjon i bogeform, som oftast laga i murverk, stein eller betong, men det finst òg kvelv laga av tre. Den enklaste utgåva av kvelva er tønnekvelva.
Ein steinkvelv står av seg sjølv, er sjølvberande, ved at steinane er slik tilhogde og langt opp i høve til kvarandre at dei bind kvarandre fast av presset som vekta av kvelven fører til. Difor kan ein kvelv murast av stein utan å bruke bindemiddel. Stillaset som ein kvelv av stein vert bygd opp på, må senkast jamt over det heile når det skal fjernast, slik at kvelven «sett seg» jamt over heile bogen.
«Falsk kvelv» er ein kvelv- eller kuppelkonstruksjon av stein som er danna ved at steinen i kvart lag er lagt litt meir inn over opninga enn steinen i laget under, altså i stendig mindre sirklar dersom det er tale om ein kuppel. Slike kvelv er såleis ikkje sjølvberande på same måten som ekte kvelv.