Kymmenedalen | |||
Kymenlaakson maakunta | |||
landskap | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Areal | 4 947,65 km² | ||
Folketal | 162 840 (januar 2021)[1] | ||
![]() Kymmenedalen 60°30′N 27°00′E / 60.5°N 27°E | |||
Wikimedia Commons: Kymenlaakso |
Kymmenedalen (finsk Kymenlaakso; laakso tyder 'dal') er eit landskap. Administrasjonssetet i landskapet er Kotka, ved utløpet til Kymmene älv i Finskebukta. Ein av kommunane i landskapet (Pyttis) er tospråkleg, men dei svensktalende i landskapet utgjer berre 0,8 % av folkesetnaden. Kymmenedalen grensar til landskapa Nyland, Päijänne-Tavastland, Södra Savolax og Södra Karelen. Mot søraust grensar det til tidlegare finske område som var ein del av Viborgs län og som no er ein del av distriktet Vyborg rajon i det russiske Leningrad oblast.