Kyrkjebygg i Noreg

For kyrkjarkitektur generelt sjå, sjå Kyrkje.
For den norske kyrkja som andeleg og administrativ institusjon, sjå Den norske kyrkja.
Nidarosdomen er ei av dei eldste og største kyrkjene i Noreg.

Kyrkjebygging i Noreg tok til då kristendommen vart etablert kring år 1000.[1][2] Dei første bygga var enkle stolpekyrkjer reist på 900 og 1000-talet. Dei meir varige stavkyrkjene kom etterkvart i staden for stolpekyrkjene. Omkring 1300 kyrkjebygg vart reist på 1100-1200-talet i det som var landets første byggeboom.[3] I alt har det vore oppført omkring 3000 kyrkjebygg i Noreg, av desse er omkring halvparten borte.[2] Langkyrkja er den vanlegaste norske kyrkjeforma, og fram til 1900-talet vart dei fleste bygg oppført i tre.[2] Det er no omkring 1620 kyrkjebygg knytte til Den norske kyrkja (bedehus knytte til lekmannsrørsla ikkje medrekna) og det er kyrkjebygg innanfor andre kristelege trusretningar eller organisasjonar. Kyrkjene er landets viktigaste monumentalbygg og kulturminne med omsyn til utvikling innanfor kunst, arkitektur og byggjeteknikk.[4] 220 kyrkjebygg er freda, og i tillegg er 765 listeført som verdfulle kulturminne.[5]

  1. Kyrkjebyggdatabasen Arkivert 2014-12-23 ved Wayback Machine., lese 19. september 2013.
  2. 2,0 2,1 2,2 Muri, Sigurd (1975): Gamle kyrkjer i ny tid. Oslo: Samlaget.
  3. Ekroll, Øystein (1997): (1997): Med kleber og kalk. Norsk steinbygging i mellomalderen. Oslo: Samlaget.
  4. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet NOU2006
  5. St.meld. nr. 17 (2007-2008): Staten og Den norske kirke. Tilråding fra Kultur- og kirkedepartementet av 11. april 2008. Stmeld 17

From Wikipedia, the free encyclopedia · View on Wikipedia

Developed by Nelliwinne