Kyros den store | |||
| |||
Konge av Persia Babylon, Sumer og Akkad | |||
Periode | 559-530 f.Kr | ||
---|---|---|---|
Fødd | ca. 600 f.Kr. | ||
Fødestad | Anshan (Persia) | ||
Død | 530 f.Kr. | ||
Dødsstad | Syr-Darja | ||
Mor | Mandane of Media | ||
Far | Kambyses I av Anshan | ||
Ektefelle | Kassandane, Amitis Shahbanu, Neithiyti | ||
Barn | Kambyses II av Persia, Smerdis, Atossa, Roxane, Artystone | ||
Føregangar | Kambyses I | ||
Etterfølgjar | Kambyses II |
Kyros den store (fødd ca. 600-575 f.Kr., død desember 530 f.Kr.) var ein persisk keisar og erobrar, rekna som grunnleggjaren av Persarriket. Under hans leiing voks riket til det dekte det meste av Sørvest-Asia og mykje av Sentral-Asia, frå Hellespont til Indus, og blei det største riket i verda til då.
Kyros var kjend for militær dugleik og miskunn, mellom anna religiøs toleranse. Han var truleg den første persiske herskaren som høyrde til parsismen. Herskaren høyrde til Akamenide-dynastiet og som konge har han ordenstalet Kyros II av Persia.