![]() | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 2013 | |||||
Land | Frankrike | ||||
Artist(ar) | Amandine Bourgeois | ||||
Språk | Fransk | ||||
Komponist(ar) | David Salkin | ||||
Låtskrivar(ar) | Boris Bergman | ||||
Resultat | |||||
Semifinalepoeng | X | ||||
Semifinaleplass | X | ||||
Frankrike i Eurovision Song Contest | |||||
|
«L'enfer et moi» (fransk for Helvete og meg) var det franske bidraget i Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, framført på fransk av Amandine Bourgeois. Songen er skriven av David Salkin og Boris Bergman.
France Télévisions valde ut «L'enfer et moi» Amandine Bourgeois til å representere Frankrike i Eurovision Song Contest 2013.[1] 14. mars presenterte Bourgeois songen på fjernsynsprogrammet C à vous på France 5.[2] Bidraget vart òg framført på fjernsynsprogrammet Chabada på France 3 24. mars 2013.[2] Sidan Frankrike, Italia, Storbritannia, Spania, Tyskland, kalla dei fem store, og vertslandet Sverige er direktekvalifisert til finalen slepp Frankrike å kvalifisere seg i éin av dei to semifinalane. Frankrike vil delta i finalen 18. mai 2013 i Malmö Arena.