Laba | |||
elv | |||
Laba i Krasnodar kraj
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 12 500 km² | ||
Lengd | 347 km | ||
Middelvassføring | 95,7 m³/s | ||
Munning | Kuban | ||
![]() Laba 44°17′11″N 40°53′43″E / 44.2863°N 40.8952°E | |||
Wikimedia Commons: Laba River |
Laba (russisk Лаба) er ei elv i Nord-Kaukasus i Russland og ei av sideelvane til Kuban frå venstre. Etter at Store Laba og Vesle Laba renn saman vert elva berre kalla Laba. Desse elvane har utspring ved isbreane på nordsida av Store Kaukasus. Lengda på elva medrekna Store Laba er 347 km og med Vesle Laba 214 km. Elva har eit nedslagsfelt på 12 500 km². I øvre delen av Laba renn ho gjennom djupe gjel og kløfter, medan den nedre delen av elva er langt rolegare. I nærleiken av munningen har elva ei middelvassføring på 95,7 m³/s. Laba frys til i slutten av desember, men ikkje kvart år, og vert isfri att i slutten av februar eller byrjinga av mars.
Dei viktigaste sideelvane hennar er Laby og Tsjamlyk frå høgre og Fars frå venstre. Elva vert nytta til vatning.