Lady Grinning Soul Song av David Bowie frå albumet Aladdin Sane | ||
Utgjeve | 13. april 1973 | |
Innspelt | Trident Studios, London Januar 1973 | |
Sjanger | Glamrock | |
Lengd | 3:46 | |
Selskap | RCA | |
Komponist | David Bowie | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie | |
---|---|---|
Produsent | Ken Scott, David Bowie |
«Lady Grinning Soul» er ein ballade skriven av David Bowie, og er den siste songen på albumet Aladdin Sane, gjeven ut i 1973. Det første møtet til Bowie med den amerikanske soulsongaren Claudia Lennear i 1972 vert ofte omtalt som inspirasjonen til songen.[1][2]
Stilen på songen er vorte samanlikna med eit James Bond-tema.[3] Meldinga til Rolling Stone då albumet kom ut skildra synginga til Bowie som «den mest ekspansive og ekte på heile albumet»,[4] medan forfattar Nicholas Pegg reknar songen som «ein av dei mest undervurderte Bowie-songane … ganske annleis alt anna han nokon gong har gjort.»[5]
She'll come, she'll go
She'll lay belief on you
Skin sweet with musky odor
The lady from another grinning soul
Songen opnar i fiss-moll og går gjennom mange uventa modulasjonar. Bowie syner spennvidda i vokalen sin mot slutten og når ei rekkje høge tonar (Giss5, G5, Fiss5, Diss5). Giss5 er den høgaste tonen Bowie nokon gong song på eit studioalbum.[6]
Songen vart nytta i filmane The Runaways i 2010 og Diana Vreeland: The Eye Has to Travel (2012).
Mike Garson spelar ein pianointro som gjev ein smak av vokalmelodien frå versa og legg til ein spansk smak. Gjennom versa spelar han raske arpeggioar med høgrehanda, medan Bowie syng. Garson skildra spelinga si som «omtrent så romantisk som det kan bli … fransk med litt Franz Liszt inn i der».[7] Mick Ronson spelar ein spanskaktig akustisk gitarsolo mot arpeggioane til Garson. Songen vert avslutta med ein elektrisk gitarsolo, med fyldige vibrato-tonar.
Bowie spelte aldri songen på konsertar.