Lake District nasjonalpark Lake District National Park | |||
verneområde | |||
Land | Storbritannia | ||
---|---|---|---|
Region | Nordvest-England | ||
Fylke | Cumbria | ||
Areal | 2 362 km² | ||
Folketal | 38 993 (2021) | ||
Lake District nasjonalpark 54°27′N 3°06′W / 54.45°N 3.1°W | |||
Kart som viser Lake District nasjonalpark.
| |||
Wikimedia Commons: Lake District |
Land | England | ||
---|---|---|---|
Innskriven ved UNESCOs Unknown sesjon i 2017. Referansenr. 422. | |||
Kriterium: | CULTURAL: II, V, VI | ||
Sjå òg | Verdsarvstader i Europa | ||
Bakgrunnsstoff | Lake District nasjonalpark ved unesco.org |
Lake District nasjonalpark er ein nasjonalpark i Cumbria i Nordvest-England[1] som omfattar dei sentrale delane av Lake District-regionen, men ikkje byen Kendal, nokre kystområde og Lakeland-halvøyene. Landskapet her er blitt forma av isbrear og deretter av menneskelege aktivitetar som jordbruk, busetjing og gruvedrift gjennom fleire tusenår. Det er prega av fjell, dalar og vatn, steingardar og beiting av den lokale sauerasen herdwicksau.[2]
Området blei utropt til nasjonalpark den 9. mai 1951, mindre enn ein månad etter opprettinga av den fyrste nasjonalparken i Storbritannia, Peak District. Han blei reelt skipa 13. august same året.[3] Parken hadde den same utstrekkinga fram til 2016, då han blei utvida med 3 % i retning Yorkshire Dales nasjonalpark for å omfatta område med høg landskapsverdi som Lunedalen.[4]
Lake District er den britiske nasjonalparken med flest besøkande i året, med 16,4 millionar vitjande rapportert i 2012.[5] Han er den største av dei tretten nasjonalparkane i England og Wales, og den nest største i Storbritannia etter Cairngorms nasjonalpark i Skottland.[6] Føremålet til parken er å verna landskapet mot uønskt endring frå industri eller handel. Det meste av landjorda i parken er i privat eige, rundt 55 % er registrert som jordbruksland. Landeigarar er mellom anna:
Lake District National Park Authority som administrerer parken har hovudkontor i Kendal. Han driv eit besøkssenter ved Windermere i eit tidlegare herskapshus kalla Brockhole,[9] Coniston Boating Centre,[10] og fleire informasjonssenter.
Det blei gjort eit mislukka forsøk på å få parken registrert som naturarv, men dette feila på grunn av preget av menneskeleg aktivitet. I 2017 fekk området status som verdsarv innan kategorien kulturlandskap i staden.[11]